omsorgsfull kvardag
Inspirasjonsforedrag om korleis me kan innsjå at me har alt me treng i oss og rundt oss og korleis det kan bidra til at me saman kan definere ei ny nøysemd for den moderne verda: At me byggjer opp innanfrå det som syns utanpå og skapar samanheng mellom indre og ytre berekraft.
Passar for:
Bedrifter, lag og foreiningar som ynskjer ei indre forankring for ytre forandring
Praktisk:
Foredraget varer ca 45 minutt. Etterpå er det tid til spørsmål frå salen og å sjå på døme på handverkskolleksjonar, reparasjon og redesign eg har med. Fint om det er prosjektor, eit bord og klesstativ tilgjengeleg i lokalet.