gartner for din grøne garderobe
Kjenner du det spire i deg, men manglar kunnskap til å gro fram ein grøn garderobe på eigenhand? Er skapet ditt eit viltveksande bed der det er vanskeleg å få auge på staudene du verkeleg er glad i, og du manglar ferdigheitene til at dei skal overleve vinteren? Eller er du ein engasjert program- eller HR- ansvarleg som vil så eit frø av motivasjon hjå dine eigne?
nøysøm
nøysøm rettar seg både mot privat- og bedriftsmarknaden med design og formidling:
- Sy utan søppel! Alle design er gjenbruk og nullsvinn og basert på to designprinsipp: zero waste og reistesøm. nøysøm tilbyr handverkskolleksjonar, symønster og sykurs ut frå denne kreative ressurstankegangen.
- nøysøm lærer deg også å skape og ta vare på din eigen garderobe med sykurs for alle nivå i sømteknikkar, reparasjon og redesign. Eg arrangerer eigne kurs og leier meg ut som kursinstruktør til bibliotek, husflidslag, bedrifter, foreiningar mm i heile landet.
- Bedrifter, foreiningar og andre kan også leie meg inn for å inspirere til ein grønare garderobe og kvardag. nøysøm tilbyr leikne og halvalvorlege inspirasjonsforedrag om saum og garderobe og om å ta av vår eigen maske før me kan redde verda. Eg held og kreative læringsverkstader som motiverer til å bli nøysøm og halde garderoben sin grøn og utan ugras gjennom alle årstider.
nøysøm AS vart starta hausten 2025 av Turi Rudningen og har atelier på Elefant workspace i Stavanger.
Namnet spelar på nøysemd og søm. Visjonen er å snu overforbruk og tekstilavfall mot nøysemd og skaparglede.