sykurs for alle!

Dei fyrste av haustens kurs er satt opp - meld deg på! Kom gjerne med ynskje om andre tema eller datoar!

Alle kursa kan og bestilles av bedrifter, foreningar og andre- eg kjem dit de samlast. Les meir lenger ned på sida.

sykurs

Fann du eit kurs du likte, men det er ingen oppsatt dato eller datoen passar ikkje? Ta kontakt, så set eg opp fleire kurs!

Er de ein vennegjeng som vil lære å sy saman? Ta kontakt for å booke meg inn som instruktør og eg kjem dit de samlast, også utanfor Stavanger;) 

Eller har du forslag til andre tema du vil lære om? Eg vil gjerne høyre frå deg!

nøysøm har sykurs og læringsverkstader for bedrifter!

Eg held kurs alle stader der folk møtes!

nøysøm tilbyr sykurs for bedrifter, bibliotek og foreiningar i heile landet. Eg gir vidare både kreativ ressurstankegang og praktiske ferdigheiter og har kurs for alle ferdighetsnivå: for dykk som er kreative men ikkje kan sy, og for dykk som kan sy men ikkje kjenner dykk kreative. nøysøm held og kreative læringsverkstad som kombinerer sykurs og foredrag. Eg har tidlegare hatt kurs og foredrag på bibliotek, i husflidslag, hjå it- konsulentar og på strikkefestival.  

Velg frå kursa over og ta kontakt her, også om du har andre idear eller spørsmål:) Eg er klar for nye utfordringar, og kjem dit de er samla!

Sagt om redesignkurset:

"Veldig inspirerende, tankevekkende og motiverende kveld for oss deltakere.  Kreativiteten blomstret og skapergleden kom frem i oss alle! Både erfarne og nye redesignere som er opptatt av mindre forbruk, klær med sjel og særegenhet fikk nyttig lærdom denne kvelden. Takk for en kreativ og munter aften!" 

Hemsedal Frivilligsentral