Kortversjonen:
nøysøm er starta av Turi Rudningen som har sydd sidan ho var liten. Etter å ha jobba 15 år som arkitekt, sydde ho seg til finala i symesterskapet på NRK, og bestemte seg for å gjera ein forskjell i klesbransjen. Ho var prosjektleiar i oppstarten av ReTuren syverkstad for Stavanger Turistforening og dreiv dette i 3 år. DNT har no ReTuren i fleire norske byar.
Turi Rudningen
Langversjonen:
Eg veks opp som odelsjente på ein gard i Hallingdal, i det som kjennes som ei heilt anna tid. Heile sommaren var me på stølen utan straum eller telefon, det var berre oss og fjellet. Eg jobba i fjøset og køyrte traktor, men fekk aldri grøne fingrar, berre ei irrgrøn sjel og mange gode verdiar.
Eg har alltid strekt meg etter det som er ekte og vakkert i verda. Eg lærte å strikke då eg var 4 og sy då eg var 10, og ville byrje på Husflidskola då eg vart stor og leve av å lage ting. Reforma la den ned, og arkitekturstudiet i Bergen vart eit kompromiss mellom handverk, kreativitet og intellekt.
No bur eg i Stavanger med to fine ungar og katt. Eg saknar snøen, men fjellet finns i nærleiken, og i tillegg får eg havet! Bøker, fjellturar, ski og snowboard har eg med meg frå ungdommen. No elskar eg å lære nye ting og finne nye hobbyar, sist: heilårsbading, skyting(!), gitar, kor og Tai chi.
Som arkitekt gjennom 15 år elska eg å gi omsorg i form av gode bustader med flyt, luft og lys, men syns det var krevjande å ikkje ha meir påverknad på arealreduksjon, grad av rehabilitering og bruk av gjenbruksmateriale.
Eg har nok vore modig heile livet, og ved å melde meg på symesterskapet og sy meg heilt til finala der, beviste eg verkeleg dette for meg sjølv. Casta som miljøsyersken, var dette det kjekkaste og mest slitsame eg har gjort i livet!
Så, etter symesterskapet, ville eg halde fram med å gjera ein forskjell i klesbransjen og inspirere til meir saumglede. Eg byrja karriereskiftet som prosjektleiar i oppstarten av ReTuren syverkstad for Stavanger Turistforening, og DNT har no syverkstader i fleire byar etter vår mal.
Frå ReTuren tar eg med meg verdfull erfaring med å starte og drive syverkstad og kjerneverdiane inspirasjon, nullsvinn og sirkularitet. Eg elskar både å skape og skrive i einsemd og formidle i fullt scenelys og er drive av nøysemd som verdi. I nøysøm vil eg bidra til ei betre verd med alle mine kvalitetar.