grunnleggande reparasjonskurs med symaskin

grunnleggande reparasjonskurs med symaskin

Dette er eit kurs som lærer deg dei mest grunnleggande teknikkane du treng for å ta vare på din eigen og familien sin garderobe. Me går gjennom:

·       Lapping (av til dømes buksekne, teknikken kan brukast på dei fleste plagg)

·       Opplegg (av buksebein, ulike måtar å gjere dette på, synleg og usynleg opplegg)

·       Bytte glidelås (i gylf eller jakke: det er ikkje så vanskeleg som du trur!)

·       Knapp (dette kan gjerast med symaskin, men me gjer det for hand;)

Alle tar med plagg de ynskjer å reparere. Om du ikkje har reparasjonar i alle kategoriar er ikkje det så farleg, det fins og prøvelappar å øve på.

Varigheit: 6 timar, dagskurs eller fordelt over fleire kveldar

Passar for: Deg som allereie har grunnleggande syferdigheiter og kan ta med symaskin du kjenner og det utstyret du vanlegvis bruker når du syr. Dersom du er ukjent med symaskin, meld deg på nybegynnerkurs symaskin fyrst:)

Attende til utgangspunktet