Turi Rudningen i nøysøm studio syr og lærer deg å reparere med symaskin

nybegynnerkurs symaskin: teori og praksis

Dagskurs som tek for seg alt det grunnleggande for å kunne byrje å sy på maskin. Me har litt teori før me går over til praksis, der all øving blir eit produkt til slutt.

Teori:

·       Materialkunnskap

·       Utstyr

·       Symaskinkunnskap

Praksis:

·       Lage mønster, teikne over på stoff, klippe

·       Grunnleggande syferdigheiter: Rettsaum, sikksakk,  pressing

·       Litt vidarekommande: Glidelås, bua saumar, knappar og knapphol

Du treng ikkje ta med noko, du får utdelt alt du treng frå mitt lager med gjenbruksmateriale.

Varigheit: 6 timar, dagskurs

Passer for: Deg som ikkje har nokon kjennskap til symaskin eller som vil friske opp gamle ferdigheiter. Også for foreiningar, lag og bedrifter som vil gi denne kunnskapen til sine eigne. De må ta med symaskin som de kjenner og det utstyret de vanlegvis bruker når de syr, eller dette må vera tilgjengeleg i lokalet me er i. 

Attende til utgangspunktet