nøysøm er et kreativt studio som har læringsverksteder. bilde av skissebok og stoff

redesignkurs for deg som vil bli meir kreativ

Dette er eit kurs for deg som kan sy, og ynskjer å bli meir kreativ og ta i bruk det som berre blir liggande  i garderoben din.

Alle deltakerane har med det prosjektet eller plagget/ plagga dei vil redesigne. Dette kan vera alt frå ein gamal duk til avlagte klesplagg, eit mislykka strikkeprosjekt,  skalljakke- kva som helst de har heime og enno likar, men som har utspelt si rolle eller funksjon.

Eg startar med å vise døme på plagg eg har redesigna for å vise korleis eg tenker og gi nokre grunnleggande idear.

Så tar me ein runde der alle viser fram det dei har med og om de har idear sjølv eller om me i fellesskap kjem på noko fint og funksjonelt som kan løfte plagget og gjera at det kjem i bruk att. 

Redesign handler ikkje nødvendigvis om størst mogleg forandring, men er ein måte å ta vare på og bruke opp plagg ved å ta det i bruk igjen. 

Så set alle i gang med sitt prosjekt. Eg hjelper så godt eg kan, og om ikkje alle blir ferdige, går de heim med mange idear og teknikkar til å oppnå dette heime.

Varigheit: 4- 6 timar, dagskurs eller fordelt på fleire kveldar

Passar for: Deg som allereie har grunnleggande syferdigheiter og kan ta med symaskin som de kjenner og det utstyret de vanlegvis bruker når de syr. Eventuelt for bibliotek, foreiningar og lag som har lokale med plass til fleire symaskiner. Dersom du er ukjent med symaskin, meld deg på nybegynnerkurs symaskin fyrst:)

Attende til utgangspunktet