eksklusiv syhjelp
eksklusiv syhjelp
Kunne ikkje laste inn hentetilgjengelighet
Har du eit plagg du vil sy, men har problem med å kome i gang? Er du i gang, men står fast? Har du ide til redesign, men er usikker på korleis du kan gripe det an? Er det eit plagg du er glad i, men ikkje får til å bruke? Eller har du ein vanskeleg reparasjon du vil få til?
Beskrivelse:
Uansett kva utfordring du står i, kan du ta den med til atelieret mitt, og eg kan hjelpe deg å meistre den sjølv. På desse kveldane er det plass til 3 personar med tanke på at de også lærer mykje av kvarandre sine syprosjekt.
Passar for:
Deg som kan sy frå før, og vil ta ferdigheitene dine til eit nytt nivå.
Ta med:
· Prosjektet du vil jobbe med og det du treng av andre materiale
· Symaskin du kjenner og det utstyret du vanlegvis bruker når du syr
· Ta kontakt på førehand om det er noko du manglar, så ordner me det!
Praktisk informasjon:
Kvar?
Kurset blir halde i mitt atelier i 4. etasje på Elefant workspace og i fellesområdet rett utanfor.
Adressa er Erfjordgata 8, på Storhaug i Stavanger. Det står Askegården over inngangsdøra. Døra er låst, men eg opnar for dykk eit kvarter før kursstart. Om du kjem for seint, gi beskjed på 91876400, så henter me deg.
Bil:
Det er gratis parkering langs bygget i Erfjordgata 8.
(Om du ikkje får plass her, er det soneparkering utanfor. Sone 11 i Taugata og Erfjordgata i tidsrommet 8- 18 på kvardagar og 8- 16 laurdag. 2 timar gratis i Johannesgate på nedsida. Også parkeringsplass med betaling i Johannesgate på andre sida av bygget.)
Buss:
Nr 1 og 4 stoppar på busstoppet Kjelvene like ved.
Liten skrift:
Dette kurset har plass til maks 3 deltakerar. Dersom det blir færre enn 2 deltakerar kan kurset bli avlyst. Du vil då få refundert heile kursbeløpet. Det same gjeld dersom kurset må avlysast på grunn av sjukdom hjå kurshaldar eller annan uforutsett hending. Ved avmelding seinare enn ei veke før kurset, har du ikkje krav på refusjon.
Del
