Hopp til produktinformasjon
1 av 1

sykurs: nybegynner symaskin, dagskurs

sykurs: nybegynner symaskin, dagskurs

Vanleg pris 2.400,00 NOK
Vanleg pris Salspris 2.400,00 NOK
Sal Utseld - ta kontakt for venteliste
Inkludert avgifter.
dato
tid
Antal

Dette er kurset for deg som vil lære å sy, men treng litt hjelp for å kome i gang. 

Me tek for oss alt det grunnleggande for å kunne byrje å sy på maskin. Det blir litt teori før me går over til praksis, der all øving blir eit produkt til slutt.

Teori:

·       Materialkunnskap (ulike stoff me kan sy i og kva det passar til)

·       Utstyr (kva du treng for å starte å sy)

·       Symaskinkunnskap (korleis ei maskin verkar, korleis tre den med tråd)

Praksis:

·       Lage enkelt mønster, teikne det over på stoff, klippe ut

·       Grunnleggande syferdigheiter: Rettsaum, sikksakk, pressing

·       Litt vidarekommande: Glidelås, bua saumar, knappar og knapphol

 

Passar for:

Deg som aldri har sydd på symaskin før eller som vil friske opp gamle ferdigheiter. Ingen øvre eller nedre aldersgrense!

Ta med:

  • symaskin (hugs glidelåsfot og knappholsfot om du har)
  • stoffsaks
  • sprettekniv
  • knappenåler
  • skrivesaker

Dersom du ikkje har alt på lista, kan du låne av meg! Ta kontakt om du ikkje har symaskin, det kan me og ordne! Du treng ikkje ta med materiale, du får utdelt alt du treng frå mitt lager med gjenbruksmateriale.

Praktisk informasjon:

Kvar?

Kurset blir halde i mitt atelier i 4. etasje på Elefant workspace og i fellesområdet rett utanfor.

Adressa er Erfjordgata 8, på Storhaug i Stavanger. Det står Askegården over inngangsdøra. Døra er låst, men eg opnar for dykk eit kvarter før kursstart. Om du kjem for seint, gi beskjed på 91876400, så henter me deg.

Lunsj:

Me har lunsjpause, men mat er ikkje inkludert i kurset. Du kan velge om du vil gå ut å kjøpe noko eller ta med lunsj og ete her. Ostehuset, kanelsnurren og Coop- butikk rett i nærleiken. Kaffe og te får du når du ynskjer under heile kurset:)

Bil:

Det er gratis parkering langs bygget i Erfjordgata 8.

(Om du ikkje får plass her, er det soneparkering utanfor. Sone 11 i Taugata og Erfjordgata i tidsrommet 8- 18 på kvardagar og 8- 16 laurdag. 2 timar gratis i Johannesgate på nedsida. Også parkeringsplass med betaling i Johannesgate på andre sida av bygget.)

Buss:

Nr 1 og 4 stoppar på busstoppet Kjelvene like ved.

Liten skrift:

Ved avmelding seinare enn ei veke før kurset, har du ikkje krav på refusjon. Dersom kurset må avlysast på grunn av sjukdom hjå kurshaldar eller annan uforutsett hending på arrangørs side, vil du få pengane attende. 

Vis alle detaljar