Hopp til produktinformasjon
1 av 1

sykurs: Reparasjon med symaskin

sykurs: Reparasjon med symaskin

Vanleg pris 1.950,00 NOK
Vanleg pris Salspris 1.950,00 NOK
Sal Utseld - ta kontakt for venteliste
Inkludert avgifter.
dato
tid
Antal

OBS!

Det er ingen oppsatt dato for dette kurset, send meg ei melding på turi@noysom.no om du vil melde deg på:)

Beskrivelse:

Dette er eit kurs der du lærer dei mest grunnleggande teknikkane du treng for å ta vare på din eigen og familien sin garderobe. Me går gjennom:

  • ·       Lapping (av til dømes buksekne, teknikken kan brukast på dei fleste plagg)
  • ·       Opplegg (av buksebein, ulike måtar å gjere dette på, synleg og usynleg opplegg)
  • ·       Bytte glidelås (i gylf eller jakke: det er ikkje så vanskeleg som du trur!)
  • ·       Knapp (dette kan gjerast med symaskin, men me gjer det for hand;)

Passar for: 

Deg som allereie har grunnleggande syferdigheiter, ingen øvre eller nedre aldersgrense;)  Dersom du er ukjent med symaskin, meld deg på nybegynnerkurs symaskin fyrst:)

Ta med:

Symaskin du kjenner og det utstyret du vanlegvis bruker når du syr.

Plagg de ynskjer å reparere. Om du ikkje har reparasjonar i alle kategoriar er ikkje det så farleg, det fins og prøvelappar å øve på. Har de andre reparasjonar enn dei foreslåtte, ta dei gjerne med, så ser me om det blir tid!

Praktisk informasjon:

Kvar?

Kurset blir halde i mitt atelier i 4. etasje på Elefant workspace og i fellesområdet rett utanfor.

Adressa er Erfjordgata 8, på Storhaug i Stavanger. Det står Askegården over inngangsdøra. Døra er låst, men eg opnar for dykk eit kvarter før kursstart. Om du kjem for seint, gi beskjed på 91876400, så henter me deg.

Bil:

Det er gratis parkering langs bygget i Erfjordgata 8.

(Om du ikkje får plass her, er det soneparkering utanfor. Sone 11 i Taugata og Erfjordgata i tidsrommet 8- 18 på kvardagar og 8- 16 laurdag. 2 timar gratis i Johannesgate på nedsida. Også parkeringsplass med betaling i Johannesgate på andre sida av bygget.)

Buss:

Nr 1 og 4 stoppar på busstoppet Kjelvene like ved.

Liten skrift:

Ved avmelding seinare enn ei veke før kurset, har du ikkje krav på refusjon. Dersom kurset må avlysast på grunn av sjukdom hjå kurshaldar eller annan uforutsett hending på arrangørs side, vil du få pengane attende. 

 

Vis alle detaljar