Sykurs: Sy med mønster- introduksjonskurs
Sykurs: Sy med mønster- introduksjonskurs
Kunne ikkje laste inn hentetilgjengelighet
Har du lært deg å sy på symaskin og vil sy dine eigne klede? Men så syns du det er vanskeleg å forstå symønster? Dette kurset er for deg!
Kurset startar med litt teori der eg forklarar korleis du ved hjelp av eit symønster kan sy deg akkurat det plagget du vil ha. I del to av kurset, kan alle som vil ta med eit symønster og stille spørsmål til dette.
Del 1, Teori:
- ulike typer symønster og kor me får kjøpt dei
- Kva stoff og mønster høyrer saman?
- kva ord er det viktig å skjøne?
- ta riktig mål av kroppen din for å finne rett storleik
- korleis legge mønsteret på stoffet før du klipper?
- Instruksjonen som følger med – viktigheten av riktig rekkefølge
- Utstyr du treng
- Prøving og prosess fram til ferdig resultat
Del 2, Spørsmål:
Alle som vil kan ta med eit symønster du vil starte å sy, eller allereie har byrja på, men står fast med. Du treng ikkje ha med mønster sjølv for å få utbytte av denne delen, du lærer masse av å følgje med på dei andre deltakerane sine utfordringar! Her er det høve til å stille alle spørsmål de lurar på!
Det blir ikkje tid til sying denne kvelden, men dersom du har både mønster og stoff klart, ta det med, så blir det kanskje høve til å klippe litt;) Dette er faktisk den viktigaste og største delen av jobben når me syr plagg til oss sjølv!
Praktisk informasjon om kurset:
Passar for:
Deg som har grunnleggande syferdigheiter uavhengig av alder. Dersom du er ukjent med symaskin, meld deg på nybegynnerkurs symaskin fyrst:)
Ta med (valfritt):
- Symønster du har spørsmål til
- Evt stoffet du har tenkt å bruke til dette
- Stoffsaks og mønstervekter om du har
Kvar?
Kurset blir halde i mitt atelier i 4. etasje på Elefant workspace og i fellesområdet rett utanfor.
Adressa er Erfjordgata 8, på Storhaug i Stavanger. Det står Askegården over inngangsdøra. Døra er låst, men eg opnar for dykk eit kvarter før kursstart. Om du kjem for seint, gi beskjed på 91876400, så henter me deg.
Bil:
Det er gratis parkering langs bygget i Erfjordgata 8.
(Om du ikkje får plass her, er det soneparkering utanfor. Sone 11 i Taugata og Erfjordgata i tidsrommet 8- 18 på kvardagar og 8- 16 laurdag. 2 timar gratis i Johannesgate på nedsida. Også parkeringsplass med betaling i Johannesgate på andre sida av bygget.)
Buss:
Nr 1 og 4 stoppar på busstoppet Kjelvene like ved.
Liten skrift:
Ved avmelding seinare enn ei veke før kurset, har du ikkje krav på refusjon. Dersom kurset må avlysast på grunn av sjukdom hjå kurshaldar eller annan uforutsett hending på arrangørs side, vil du få pengane attende.
Del
