Hopp til produktinformasjon
1 av 1

sykurs: sy utan søppel!

sykurs: sy utan søppel!

Vanleg pris 1.200,00 NOK
Vanleg pris Salspris 1.200,00 NOK
Sal Utseld
Inkludert avgifter.
dato
tid
stad
Antal

Beskrivelse:

På dette kurset lærer du om nullsvinn, zero waste og reistesøm og får leike med det i praksis!

Eg startar med å vise døme på korleis nøysøm jobbar med gjenbruk og nullsvinn som designprinsipp. Etterpå kan de velje å lage noko frå eit av designprinsippa:

  • zero waste: Eit design bruker opp heile stoffet. Altså at det det ikkje blir noko søppel i det heile.
  • reistesøm: Søppelet frå andre syprosjekt blir brukt som materiale.

 

Passar for:

Deg som allereie har grunnleggande syferdigheiter. Dersom du er ukjent med symaskin, meld deg på nybegynnerkurs symaskin fyrst:)

Ta med:

Eit stort stykke stoff eller ein duk de likar og/ eller stoffreistar frå andre syprosjekt. 

Symaskin de kjenner og det utstyret de vanlegvis bruker når de syr.

Praktisk informasjon:

Kvar?

Kurset blir halde i mitt atelier i 4. etasje på Elefant workspace og i fellesområdet rett utanfor.

Adressa er Erfjordgata 8, på Storhaug i Stavanger. Det står Askegården over inngangsdøra. Døra er låst, men eg opnar for dykk eit kvarter før kursstart. Om du kjem for seint, gi beskjed på 91876400, så henter me deg.

Bil:

Det er gratis parkering langs bygget i Erfjordgata 8.

(Om du ikkje får plass her, er det soneparkering utanfor. Sone 11 i Taugata og Erfjordgata i tidsrommet 8- 18 på kvardagar og 8- 16 laurdag. 2 timar gratis i Johannesgate på nedsida. Også parkeringsplass med betaling i Johannesgate på andre sida av bygget.)

Buss:

Nr 1 og 4 stoppar på busstoppet Kjelvene like ved.

Liten skrift:

Dette kurset har plass til maks 6 deltakerar. Dersom det blir færre enn 4 deltakerar kan kurset bli avlyst. Du vil då få refundert heile kursbeløpet. Det same gjeld dersom kurset må avlysast på grunn av sjukdom hjå kurshaldar eller annan uforutsett hending. Ved avmelding seinare enn ei veke før kurset, har du ikkje krav på refusjon.

Vis alle detaljar